Hei!
Eg har brukt mykje tid bak kulissane på dette forumet (og div. andre forum), og tenkte at no får det vera nok med denne snokinga!
Eg er ikkje gamle karen (24), men vart smitta av denne sjukdommen for eit par år sidan. Sidan den gong har eg brukt mykje tid på å setja meg inn i dette fantastiske universet. Samlinga mi er ingenting å skryte av, men eg håpar at det vil endre seg i framtida! Pr. dags dato består familien av Tissot PRC 200, Seiko SKX025 (pepsi), Nixon Cannon (huff! burde ikkje nemnast eingong), ein Marina Militare pam homage og ein Marathon SAR-D. Eg har også ei gammal dressklokke i 18k gull etter bestefar min (Det står "Foyt" på urskiva, har aldri høyrt om det, og finn ingenting om det på webben. Men den er swiss made. Nokon her som har info?)
Litt om meg sjølv; eg er som sagt 24 år gammal, og er fødd og oppvaksen på vestlandet. Etter å ha fullført fyrstegongstenesta flytta eg til Bergen, der eg har studert jus dei 4 siste åra. Eg planlegg å unne meg sjølv ein (brukt) Rolex 14060 når eg er ferdig utdanna jurist neste sommar. Før den tid har eg planar om å modde ein Seiko SKX007.
Og som brukarnamnet mitt tilseier er eg også heftig interessert i trommer. Har vel omlag 15 år bak trommene