Vintagefunn i Rothesay.

Medlem
4. mai 2016
Innlegg
383
Sted
Ålesund
Har vore på land i Rothesay idag og tråla antikvitetssjapper. Heile Skottland bær preg av å være gammalt, så her måtte det være mulig å finne noke gammalt stål tenkte eg. Endte opp med 3 klokker til 400 kroner som godt kan vise seg å vere berre skrot, men kanskje kan det settast i stand billeg?
20170520_155315.jpg

Seiko Quartz Chronograph på original lenke. Treng nytt batteri, men går forhåpentlegvis.
20170520_155217.jpg

Seiko Quartz Chronograph med digitalt display. Treng nytt batteri og manglar ein knapp. Fekk denne med på kjøpet.
20170520_155241.jpg

Oris Versaille. Måtte ha med ei mekanisk klokke også, og eg likte den Cartier-liknande krona. Går ikkje, men med nytt urverk kan det kanskje bli ei artig klokke til jentungen.

Blir artig å få tak i batteri og sjå om dette berre er skrap eller om det har ein bruksverdi enda. Selgaren hadde ellers Breitling Emergency på arma og viste meg ein gamal GMT Master 2 som han kanskje skulle selge etterkvart, så det blei ein hyggeleg klokkeprat!
 
Kva er ein forumtråd uten bilete? Berre tekst sjølvsagt. Teit spørsmål.. Men eg legg ved eit par til.
20170520_160645.jpg

Lenka er akkurat litt knapp på mine handledd. Synd eigentleg, for det er ei flott lenke med signert clasp og samme type ledd som på min mykje nyare Seiko Monster.
20170520_125815.jpg

Breitling Emergency. Eit slagvåpen. Han var ikkje oppdatert på at den nye modellen sendar på enda ein frekvens, men var meget stolt av klokka. Hadde dedikert Breitling pusseklut i skjortelomma. :D
 
  • Liker
Reaksjoner: Frost og raknes
Flotte funn. Er det en Seiko 7a28/7a38? Kan fort ha litt verdi hvis original!

Var ute etter modellen for en stund siden, men ga opp etter at forumet "Seiko 7a38" (en kuriositet av et forum, forresten) viste hvor vanskelig det er å finne gode eksemplarer.
 
Det er ein 7A28, og såvidt som eg kan sjå gjekk ei identisk klokke for $400 på WUS. Men eg sel ikkje skinnet heilt enda. Må få i eit batteri og eventuelt få ein urmaker til å sjå om det er noko å redde. Dette er eit signifikant urverk i Seiko si historie og er laga for å kunne regulerast og takast service på. ;)

Seiko_7A28-703B_ad.jpg
 
  • Liker
Reaksjoner: Larsnie
Stemmer. 7a28-703B er en personlig favoritt. Håper den tikker i vei med nytt batteri (og kanskje et pakningsbytte). :)
 
  • Liker
Reaksjoner: ErlingSG
Rothesey er en fin plass. Det er ikke langt unna hvor jeg bor!
Borgen ble i sin tid beleiret og inntatt av Kong Håkon IV Håkonson.
 
Ja, der er det fint, men det er sjeldan vi er innom. Oftare i Campbeltown. Vi ligg stadig for anker ute i Kilchattan bay om du køyrer forbi der i blant. :)
 
Krysser fingrene for 7A28 og håper at du holder oss oppdatert på fremgangen

Lars Birger
 
@Larsnie Taggar deg i innlegget sida du ba om oppdatering. Fekk tilbakemelding frå urmakar på at urverket var dødt, men no har eg fått tilslaget på ei klokke med eit 7A28-verk som går, dog ikkje heilt utan feil. Har god tru på at urmakar kan kombinere desse to for å få eit som er strøkent og "serviceable" i nokon tiår til. :)

Fekk forresten eit tips ang. 7A28 frå ein Lars Birger på Klokkeriet. Ikkje heilt usansynleg at det var deg? ;)