Sånn går no dagane...

Medlem
28. jan. 2012
Innlegg
77
Sted
Nordfjordeid
Ikkje mange dagane eg har vore tilbake her på TS før det skjedde...

Det er vel omlag 2,5 år sida eg regelmessig var innom her for å sjå på fjonge klokker og lese forumstrådar som kan gje ein kvar stakkar ståpels :) Det er også omlag 2,5 år sida eg fekk ei gryande interesse for foto, og naturlig nok er det den vegen også pengane har reist desse åra. Siste dagane har eg såtte heime å jobba med ei relativt stor eksamensoppgåve, dette gir naturligvis relativt mykje rom for prokrastinering - så mykje faktisk, at eg igjen har forvilla meg inn på TS og begynt å sjå på, drøyme om, forskjellige klokker... og N A T U R L I G V I S er det alt ei klokke på veg i posten, ikkje av dei mest spanande og dyre klokker, men ei ventepølse til ei dyrare ventepølse til .... ja, etc... ;)

Screenshot_2016-01-15-17-21-11.jpg
 
Redigert:
Ah..årets første luremus :D
Velkommen tilbake, spennende å se hva ventepølsem blir :)

Luremus og ventepølse høyrer nesten saman.. :p

Trengte noko nytt no, i påvente av gåve til meg sjølv til sumaren når eg er ferdige med bachelorgrada mi :)

Takk skal du ha, godt å vere tilbake :) Så håpar eg eigentleg at det ikkje skal gå utover fotohobbyen min..