Eg har leika litt med ein tanke i det siste som eigentleg er ganske radikal, i alle fall sett opp mot korleis eg har halde på med klokker fram til no.
Eg har vore klokkeinteressert i mange år og har både eigd og framleis relativt mange klokker. Eg har vore innom mykje forskjellig: vintage Omega og Certina, Orient og Orient Star, Seiko, Maurice Lacroix, U-Boat, diverse microbrands og mykje anna.
Eg har hatt enormt mykje glede av dette. Noko av det fine med klokkehobbyen for min del har nettopp vore at eigarglede ikkje nødvendigvis heng saman med pris. Eg har hatt klokker til 5–10 000 kroner som har gitt meg minst like mykje glede som langt dyrare klokker. Eg har heller aldri hatt noko særleg behov for å ha eit bestemt merke på armen for å vise omverda at eg har «lukkast».
Men no vurderer eg å gjere noko heilt anna.
I staden for å ha 10–15 klokker som eg roterer mellom, vurderer eg å selje unna mesteparten og sitje igjen med tre klokker med svært tydeleg definerte roller:
Ei enkel beater-klokke til motorsag, skogsarbeid og andre situasjonar der eg tenkjer er unødvendig å ha ei dyr klokke på armen.
Ei fin og relativt enkel vintage dressklokke til dei verkeleg formelle anledningane.
Og så éi skikkeleg klokke som skal vere klokka mi.
Tanken med den siste er at ho skal få kanskje 99 % av all normal armtid resten av livet. Eg er i byrjinga av 40-åra no, og dersom alt går etter planen, skal eg framleis ha den same klokka på armen når eg ein gong har blitt ein gammal mann.
Eg liker eigentleg tanken på at klokka då skal matche mannen, vi skal ha rynker/riper begge to. Ho skal ikkje liggje i ein boks og haldast strøken med tanke på bruktverdi. Ho skal brukast. Når ungane ein gong arvar henne, må dei gjerne få ei totalt utsliten klokke full av riper og spor etter fleire tiår på armen til faren deira. For meg ville det gitt klokka langt større verdi enn om ho framleis såg ubrukt ut.
Det stiller samtidig nokre ganske bestemte krav til kva eg skal kjøpe.
Eg ser etter ca. 40–42 mm, automatisk verk, dato, lenke og minimum rundt 20 ATM. Ho må vere robust nok til verkeleg dagleg bruk, men samtidig ha eit design som fungerer frå shorts og strand til finskjorte og jakke. Ho treng ikkje vere ei dressklokke – det skal eg som sagt ha ei eiga klokke til – men ho må vere såpass allsidig at eg aldri føler behov for å ta henne av berre fordi eg kler meg litt pent.
Eg ønskjer også eit merke med litt historie og tyngde. Ikkje på grunn av status. Eg har hatt altfor mykje glede av rimelege klokker og microbrands til å bry meg særleg om det. Men dersom eg først skal kjøpe den eine klokka som kanskje skal sitje på armen min i 30–40 år, kjenner eg at eg vil ha noko frå ein produsent med historie og ein modell som eg trur framleis vil kjennast relevant når eg er 70.
Budsjettet er ope, innanfor rimlege grenser, eg har sett på klokker frå ca. 30 000 og opp til rundt 80 000 kroner, og eg tenkjer primært å kjøpe nytt. Eg veit godt at det økonomisk mest fornuftige ofte vil vere å kjøpe ei 2–3 år gammal klokke og la første eigar ta verdifallet, men akkurat i dette tilfellet tiltalar det meg å kjøpe klokka ny og vite at alle merka ho etter kvart får, er mine.
Etter ein del fundering har eg førebels desse kandidatane:
Omega Seamaster Diver 300M 42 mm
Dette er førebels favoritten. 42 mm, dato, 300 meter, lenke, keramisk skive/bezel, Master Chronometer og eit design med mykje eigenidentitet. Eg liker spesielt den klassiske bølgjeskiva og Seamaster-visarane. Listeprisen rundt 80 000 er i øvre ende av kva eg ønsker å bruke, men eg har eit godt forhold til ein AD eg har handla ein del hos tidlegare og har tradisjonelt fått gode prisar der. Dersom klokka fungerer på armen og prisen blir riktig, er dette kandidaten dei andre må slå.
Breitling Superocean Heritage B20 42
200 meter, dato og lenke, og kanskje eit hakk meir elegant enn Seamasteren. Breitling har også meir enn nok historie og identitet til at eg kan sjå føre meg dette som ei klokke for fleire tiår.
TAG Heuer Aquaracer Professional 300 Date 42
Treff kravlista svært godt teknisk og kostar ein god del mindre enn Omega. Eg er litt meir usikker på om Aquaracer har den same kjensla av «dette er klokka eg skal ha resten av livet», men ho fortener definitivt å prøvast.
Oris Aquis
Aquis har eg faktisk vurdert tidlegare. Sommaren 2024 kunne eg ha kjøpt ein 42 mm Aquis på lenke med rundt 40 % rabatt, slik at prisen hamna ein stad mellom 15 og 18 000 kroner. Det er absurd mykje klokke for pengane. Calibre 400-utgåvene er også interessante dersom ein skal opp eit hakk.
Tudor Pelagos 42
Denne er kanskje den mest interessante jokeren. 42 mm, dato, 500 meter og svært mykje seriøs toolwatch. Men han er i grade 2-titan, og akkurat det gjer meg litt usikker når perspektivet er 30–40 år med svært mykje armtid.
Her er eg spesielt interessert i erfaringane til dykk som faktisk har brukt titanklokker mykje: Korleis meiner de ein Pelagos i grade 2-titan vil eldes samanlikna med ei tilsvarande klokke i stål? Eg har ingenting imot riper og patina – det er nærmast ein del av prosjektet – men eg vil gjerne at klokka skal bli fint gammal, ikkje berre sjå herja ut. Korleis ser de for dykk ein Pelagos etter 20–30 år med dagleg bruk samanlikna med ein Seamaster i stål?
Rolex Submariner Date er sjølvsagt elefanten i rommet. 41 mm, dato, 300 meter, lenke, enorm historie og kanskje sjølve definisjonen på ei klokke som kan brukast til alt resten av livet. Eg liker Submariner svært godt. Men eg ønsker primært å kjøpe denne klokka ny, og med prisnivået og måten Rolex-marknaden fungerer på, reknar eg i praksis den ut. Eg har heller ikkje noko ønske om å kjøpe diverse andre klokker hos ein AD for å opparbeide meg «retten» til ein plass i køen for ei klokke eg kanskje får kjøpe ein gong i framtida.
Longines HydroConquest har også vore innom vurderinga. Eg har stor respekt for Longines og historia deira, og desse kan av og til kjøpast svært gunstig. Men førebels har eg ikkje plassert han heilt i same finalegruppe som kandidatane over.
Så spørsmålet til klokkehjerna her inne er eigentleg todelt:
Kva ville de valt dersom premisset var at de skulle kjøpe éi ny klokke no og bruke henne som primærklokke dei neste 30–40 åra?
Og kanskje endå meir interessant: Kva har eg oversett? Finst det ein modell mellom ca. 30 og 80 000 kroner, 40–42 mm, dato, lenke, minst 200 m WR og med nok historie/personlegdom til å fylle denne rolla, som burde stå på lista?
Eg skal uansett ikkje kjøpe noko før eg har fått kandidatane på armen. Eg har lært for lengst at klokker på bilete og klokker på handleddet kan vere to fullstendig forskjellige ting.
Alle innspel blir tekne imot med interesse – også frå dei som meiner heile ideen om å gå frå ein haug klokker til éi hovudklokke er fullstendig idioti.