Min samling.

Medlem
4. mai 2016
Innlegg
383
Sted
Ålesund
Eg har stor glede av å lese andres galleritrådar her, så eg tenkte å bidra med min eigen.

Har alltid likt å gå med klokke, men ikkje hatt noko forhold til hverken urverk eller produsent.

Mi interesse starta når eg bytta ei Frederique Constant quartz-klokke i ein modifisert mekanisk Seiko SNK809 med ein kollega. Quartzklokka hadde eg impulskjøpt på eit fly ut frå Schiphol i tung alkoholrus, og gått lei av nokon år før vi gjorde denne byttehandelen.

Ombord i samme båt var eit medlem her inne også ansatt, og at eg fekk prøve både Seadweller og Omega Seamaster electric blue på handleddet gjorde at interessa vaks meir og meir.

Her kjem ein presentasjon av mi rimelige samling, frå først til sist:

Frederique Constant classic business timer FC-270EM4P5 *SOLGT*
Satte ikkje pris på nokon av komplikasjonane på den tida. Idag hadde det vore ei svært morsom klokke å ha liggande, men akk.

14731370_1226784677387769_7287147968046790536_n.jpg


Seiko SKA673P1 Kinetic *SOLGT*

Kinetisk Seiko som eg kjøpte fordi sekundvisaren på Fossil-klokka mi løsna, og eg var vel litt lei av den uansett. Solgt i desember 2016.

14681727_1230013747064862_3815386894264617297_n.jpg


Seiko SNK809 *SOLGT*
Modifisert av min kollega som eg bytta den til meg frå. Safirkrystall med blå AR-coating, nye visarar og ein bundstrap. Kjempeflott klokke som eg sikkert kjøpar igjen om eg får ein son. :)

14708326_1226222910777279_1974910883648398336_n.jpg

14906949_1245731458826424_8865504409454252761_n.jpg


Yema Sous Marine

Min oldefars. Garantert ein keeper, og den får definitivt armtid. ;)

20170611_145229.jpg


Seiko SRP309J1 “Orange Monster” *SOLGT*
Den første mekaniske klokka eg kjøpte ny. Virkelig bølletøff klokke med superbehagelig lenke. Seier gang på gang at eg skal selge den, men har utsatt det lenge no. :D

45223_52bd5ebff6bed12fc47b5f4456e76314.jpg

45446_c3187a0c0f3567eb5dc0413e6d6e0163.jpg


Certina Waterking - 1964
Min fars aller første klokke. Sjølvsagt ein evig keeper og virkelig ei flott klokke etter å ha fått full service, polering og nytt pleksiglas. Fin og spesiell nok til å gi vidare til mine barn. :) Har fått tak i ei Certina-reim med signert spenne som erstattar fleksireima.

21374_6567e4d53c89f29c6d30148bcd47653a.jpg

21376_eda30424b10522678dde552a91cf95d7.jpg

21378_2015e3948d16a48ccfc9128fb1919a95.jpg


Seiko SSA003J1 *SOLGT*
Denne kom til meg i ein byttehandel med SNK809. Den opprinnelege eigaren savna den veldig, og eg hadde ikkje noko imot å prøve ei ny klokke. Veldig stilig klokke med 24-t subdial og sliderule bezel. Modifisert med safirkrystall med blå AR-coating og sverdvisarar.
45380_47df0bf210d22da65e56393857512841.jpg

20170204_002936.jpg


Casio CA-53W
Digitalt quartz-alibi. Kjempekul nygammal klokke som kanskje er den einaste som får eit kompliment no og då.
45374_7598c261f58ea9c8a9a663d69d385c6d.jpg


Seiko SKX009J
Kven har ikkje hatt ein slik eller ein 007? Svært få om ein skal tru på internettet. Ikkje veit eg, men eg likar den svært godt, og har enda til kjøpt jubileelenke til den sidan den har levd på svart natoreim sidan eg pakka den ut! Har også overraskande mykje glede av bezelringen til alt frå eggkoking til snorkling via å ta tida på kjerringa når det dreg ut i tid. :rolleyes:
20170519_015951.jpg

20170326_232650.jpg

20170601_114303.jpg


Seiko Synchrotimer 7A28-703B
Artig vintage-funn som eg har skreve ein egen tråd om. 7A28 er verdas første analoge quartzverk, og var ein milepæl for Seiko når dei utvikla det. Om urmakar får den til å gå igjen skal den bli flittig brukt som den tross alt bør.
20170522_043725.jpg


Seiko SARB065

Denne klokka har eg hatt lyst på lenge! Den dekker eit bruksområde som dei andre ikkje har gjort, og eg skulle klart meg lenge med berre denne og SKX'en av dei nye klokkene.
20170602_162414.jpg

20170612_013312.jpg

20170612_013924.jpg


Kvar går vegen vidare?

Eg les innimellom om folk som går i "Seiko-fella" og kjøper ein haug med forholdsvis billege klokker og aldri får råd til å ta steget opp i neste prisklasse. Det har vel eg også gjort til ein viss grad, men no skal det konsoliderast litt og sparast ein del. Neste kjøp tenker eg vert ein Seiko Marinemaster 300 eller Omega Seamaster Electric Blue, men med eit barn på veg og huskjøp i nær framtid kan det fort ta ei god stund. ;)

Håpar nokon hadde glede av presentasjonen av samlinga!

- Erling
 
Redigert:
Takk for fine ord, eg har eit par lommeur og eit vintage mekanisk jenteur eg har kjøpt til jentungen til kjerringa som også skal leggast ut her. :)

Har ellers fått særs dårlege nyheiter om Synchrotimeren idag:

"Hei ! Uret ditt står med nytt batteri. Ingen pulser på elektronikk. Evt nytt urverk, desverre ikke lønt."

Det var verkeleg ikkje det eg håpte på, men eg skal nok få ein annan urmakar til å sjå på det også. :(

Og i tillegg er det oransje monsteret pakka omhyggelig inn i ein seikoboks og bobleplast. Den får nok meir armtid med eit forummedlem her inne, og pengane går rett til klokkesparing. :)