Ikkje heilt etter planen

Medlem
10. aug. 2011
Innlegg
812
Sted
Bergen
Har lenge vore småforelska i IWC Ingenieur 40mm. Me har møttes fleire gonger, og funne ut at me passar bra saman - utan at det har blitt oss to.

Er på ferie. I vinduet hos AD såg eg henne igjen. Gjekk inn for å sjekke om følelsane fortsatt var der. Det var dei, men ho var ikkje heilt i form (liten ding i kasse samt pusher på lås var ikkje 100%).

Det var mykje flott i butikken, og eg freista å prøve nokre andre sidan utvalget var bra. Plutselig satt JLC MC 1548420 på armen. Fantastisk flott. 39mm, 8,5 mm høg, JLC Calibre 899.

Returnerte til hotellet og starta bearbeide kona. Min erfaring tilseier at av og til er det greit å få henne med på laget i forkant.
I går ettermiddag gjekk turen innom AD på nytt.
Var ein lykkeligare mann når eg gjekk ut.

Bilda vart tatt i full fart, då me allereie var seine til middag. Sultne ungar (og kone) har liten tålmodighet.









Har fått klar beskjed om at no vert det lenge til neste handel. At Ingenieuren kjem er eg overbevist om, men det vart ikkje oss denne gongen heller.
 
Redigert:
Nydelig! Jeg tror du skal være glad for din kone. Hun gir aksept når det gjelder og disiplin når det er nødvendig;)

Gratulerer!
 
Nyyyydelig klokke! Nok et eksempel på at JLC ikke trår feil.

Gratulerer!
 
Elegant fra

REZ0eWM2.jpeg