Tett på IWC Pilot's Watch Automatic og Chrono Spitfire

Jon Henrik

Ansvarlig redaktør
Medlem
12. okt. 2007
Innlegg
6.083
Sted
Fredrikstad
iwc-pilots-watch-chronograph-spitfire-4322.jpg


Litt skriverier om to høydepunkter fra fjorårets pilot-lanseringer fra IWC :)

 
Er det noen som har en sånn chrono som har lyst å dele noen bilder og brukeropplevelse? :)
Eg har vert svak for IWC sine pilotar i lang tid. Eg høyrer fleire seie at Big Pilot bærer mindre enn størrelsen skulle tale for, men er overbevist om 46mm blir for stort for meg. No kom den jo nyleg i 43mm, då vert det plutseleg ikkje så far fetched lenger. Den første IWC eg hadde var ein 3717, altså ein 42mm Pilots Chronograph. Det var eit fantastisk godt møte med merket. Lesbarhet, pilot-tilknytninga, lenka, nøyaktigheita, eg likte det meste! Det einaste å utsette på den var høgda, nesten 15mm. Etterkvart vert denne solgt, noko eg i dag angrar på.

I mellomtida har eg prøvd forskjellige 3-hånds pilotar, med godt hell. Når Chronograph Spitfire vert lansert vert eg forelska umiddelbart. Matt skive og fauxtina, ein draum! Det faktum at IWC hadde gått ned til 41mm, og utstyrt den med eigenprodusert urverk gjorde avgjørelsen enkel, ein slik måtte eg ha.

Klokka har innfridd forventningane. Sjølv om denne er endå tjukkare (!) enn 3717, på heile 15,3mm, syntes eg fortsatt den sitter fint på handleddet. "Lug to Lug" er den også ganske stor, men grunna fin krumming av hornene virker den ikkje for stor. Eg vil påstå den bærer som ein tjukk 6-sifra Sub. Den originale skinnreima er sjølvsagt pen, men denne klokka høyrer heime på tekstilreima! Den forsterker det røffe uttrykket klokka har. Sjølv om klokka er høg, opplever eg den ikkje som topptung.

Eg likar den også godt på milanese og mesh, og kunne tenkt meg å sett den på IWC si lenke. Det er ikkje eit alternativ originalt, men nylanserte Pilots Chronograph skal visstnok ha samme kasse. Lenka som kommer med denne har dog polerte midtledd, noko som passer bra med grønn og blå sunburst-skive, men eg trur ikkje det vil passe like bra til Spitfire'n.

Anbefales!

6E3880C1-80B1-40B6-8D7B-63CF750B6C96.jpeg

8ED90E13-19DA-4E6C-8691-C5C709EDB399.jpeg

3F2D1523-3C6E-4F08-986F-BF68E08E066C.jpeg

13E6A6AE-3883-4DC9-A45D-A2A792CD0666.jpeg

BCA42729-B54F-42D3-B0F8-88FB5B67E279.jpeg
 
Redigert: